Smaragd foto Nye Smaragd
GODT FISKE: Sjølv om fiskeriet var ujamnt grunna dårleg ver, blei det gode kolmulefangstar, mellom anna for Smaragd. Foto: Nye Smaragd
Kort fortalt

Godt fiske trass dårleg ver

Herøy-båt mellom dei som melde inn stor kolmulefangst.

Marius Rosbach
24.02.2025

Trass i ujamt fiske og mykje uvêr vest i Atlanteren, blei det et god kolmuleveke. Samla blei det meldt inn 41.600 tonn fordelt på 30 ulike båtar med fangstar frå 275 tonn som lågaste til 2.300 tonn som største fangst, opplyser Norges Sildesalgslag i ei melding.

Beste døgnet blei fredag. Smaragd frå Herøy var mellom dei som melde inn to fangstar den dagen, med på knappe 1400 og 565 tonn. Sunnmørsbåtane Kings Bay og Sæbjørn melde også inn fangst tidlegare i veka, viser innmeldingsjournalen.

Av kvota av den pelagiske torskefisken på 406.000 tonn, er det no fiska 145.000 tonn. Av dette igjen har båtane teke 108.000 tonn i internasjonalt farvatn. 

Nokre få båtar har den siste veka jakta sild i havet utanfor Lofoten.

Silda er framleis langt nord for å vere i siste del av februar, og det blir meldt om at det er ei stund til den gyte, då modninga av rogna ligg på opptil 18 prosent. Spenninga er stor i forhold til kor langt sør ho vil dra og kvar hovudområdet for gytinga blir.

Havforskingsinstituttet held no på med eitt gytetokt der båtane «Eros» og «G.O. Sars» kartlegg områda frå Ålesund og nordover til områda utanfor Troms, ifølgje sildelaget.

Publisert: 24.02.2025 11:58

Sist oppdatert: 24.02.2025 12:01

Mer om