Smaragd foto Nye Smaragd
OPPTUR: Fangtsinntektene til norske fiskarar er meir enn dobla sidan 2013. I fjor passerte dei tilsette i fiskebåtreiarlaget Nye Smaragd to million-grensa i gjennomsnittsinntekt. Foto: Nye Smaragd
Nytt

Over to millionar i lott og løn

Fiskebåtreiararlaget Nye Smaragd er ein ettertrakta arbeidsgivar.

07.06.2023

- Det er mange som vil ombord, seier dagleg leiar Kristin Smådal Hide i Nye Smaragd.

Lett å få innpass er det ikkje, for selskapet har ein stabil arbeidsstokk, fortel Smådal Hide.

Fiskebåtreiarlaget i Herøy eig og driv ringnot- og pelagisk trål-fartøyet Smaragd, som fiskar sild, makrell, lodde og kolmule.

I 2022 betalte selskapet ut 26,5 millionar kroner i lott og løn, fordelt på 13 årsverk. Det gir eit gjennomsnitt akkurat over to millionar kroner.

Meir enn dobla fangstinntekter
Lott-systemet, der fiskarane blir løna med ein andel av fangstinntektene, gjer at også mannskapet på fiskebåtane har fått bli med i oppsvinget i lønsemda for fiskeflåten.

I 2013 var dei samla fangstinntektene til den norske fiskeflåten 12,7 milliardar kroner, ifølgje Fiskeridirektoratet sin statistikk.

I 2022 var inntektene auka til 28,4 milliardar kroner, opp frå 23,9 milliardar i 2021. Det er snakk om over ei dobling av fangstinntektene i løpet av ni år.

Auken kjem først og fremst av at fisken er betre betalt. I same periode auka fangsten berre 15 prosent.

Nye Smaragd as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt111,7100,2
Driftsresultat

46,1

43,9
Resultat før skatt44,245,4

Makrell drog opp
Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea seier høg etterspørsel etter makrell kombinert med høge kvotar, medverka til auka inntekter for fartøy som fiska makrell i fjor.

Japan er ein viktig marknad for makrellfiskarane.

Gunstig valutakursutvikling for dollar og euro - sett frå fiskarane si side - gjorde at dei fleste fiskeslag blei betre betalt i norske kroner i fjor. Det gjeld imidlertid ikkje for makrell til Japan. Der er det japanske betalingsvilje, ikkje yen-kursen, som slår positivt ut.

Bekymra for rekruttering
Den gode inntektsutviklinga for fiskarane har medverka til at fleire søkjer yrkesutdanning for å blir fiskarar - og stigande karakterkrav for å kome inn.

Samstundes som bransjen er glad for populariteten til fiskaryrket, er det også bekymring for å at karakterkrava stengjer ute folk som kan gjere ein god jobb på sjøen. Det kan bli ei overvekt av folk som først og fremst vil bli skipperar, og mangel på folk som vil arbeide på dekk.

Temaet var mellom anna debattert på fiskerikonferansen New Wave på Giske i vår.

Publisert: 07.06.2023 14:48

Sist oppdatert: 07.06.2023 14:45

Mer om