I mai vart det registrert 12.864 nye personbilar her i landet, det er 6,9 prosent fleire enn i mai i fjor. Stadig færre har dieselmotor.
Samanlikna med snittet for mai månad dei ti førre åra, er maitala i år 14,9 prosent høgare, viser ferske tal frå Opplysningsrådet for Veitrafikken (OVF).Volkswagen toppar statistikken med vel 2.200 bilar, følgt av Toyota med nesten 1.700 bilar. BMW hamnar på tredjeplass med noko over 800 nyregistrerte bilar.
Dieseldelen i mai er 30,1 prosent, ein nedgang på over 10 prosentpoeng frå mai i fjor. 32 prosent av bilane hadde bensinmotor og 26,8 prosent hadde hybridmotor.
Elbildelen i mai er 11,1 prosent. (©NPK)

Publisert: 02.06.2016 15:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46