Kort fortalt

Godt nytt for betalt innhald

Nordmenn er mest villige til å betale for nettaviser.

16.08.2016
(NPK-NTB): I Noreg er betalingsviljen for digitale avisprodukt høgast i verda, ifølgje to nye internasjonale undersøkingar.
Dei to undersøkingane er utført av universitetet i Sør-California, som har sett på den økonomiske framtida for media i ei digital verd, og Oxford University, som har sett på betalingsvilje for nyheiter på nett. Sistnemnde på oppdrag frå nyheitsbyrået Reuters.
Begge viser ein laber vilje til betaling for avisprodukt på nett, men at dei nordiske landa, og spesielt Noreg, skil seg ut, skriv
Undersøkinga frå Sør-California konstaterer at berre éin prosent av amerikanarane er villige til å betale, mens betalingsviljen ligg på ti prosent om ein inkluderer andre engelskspråklege land. Oxford-undersøkinga viser at 27 prosent av norske lesarar er villige til å betale for digitale produkt.
Norske mediehus jobbar med å finne ein balanse mellom gratis innhald og innhald bak betalingsmur.
– Du har dei som hevdar at å ta betalt for digitalt innhald i det heile ikkje er noka løysing. Og så har du dei som hevdar at digitale inntekter er den einaste løysinga. Svaret ligg sannsynlegvis ein stad midt imellom, seier sjefredaktør Tor Olav Mørseth i Adresseavisen til avisa. Han legg til at dei har erfart at det er den tunge og grundige journalistikken som sel. (©NPK)

Publisert: 16.08.2016 13:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44