Kort fortalt

Godt tilsettmøte med Ekornes-eigar

Håpar at folk kan få jobbane tilbake.

07.03.2023

Tillitsvalt Edvar Lie ved Ekornes var godt nøgd med møte dei tilsette fekk med eigaren Ruihai Zhao førre veke, ifølgje Sunnmørsposten.

Grunna pandemien var det første gong på tre år Qumei Home-eigaren var på besøk i Sykkylven.

- Han gav tydeleg uttrykk for at han syntest det var trist at så mange måtte slutte her, og at han ville gjere alt for at dei kunne få kome tilbake seinare, fortel Lie til avisa.

Zhao var mellom anna i møter med leiinga og styremedlemmar. Rolla til konstituert toppsjef Fredrik Ødegård Nilsen, var ikkje tema under besøket, fortel han til avisa.

Publisert: 07.03.2023 08:58

Sist oppdatert: 07.03.2023 08:59

Mer om