Kort fortalt

Gratis land-oppdrett

Ikkje konsesjonsavgift for fiskeoppdrett på land.

01.06.2016
Regjeringa fjernar konsesjonsavgift for oppdrettsverksemda på land.
Målet er å stimulere til teknologiutvikling som skal sikre at Noreg sit i førarsetet også om lakseoppdrett på land grip om seg.
Landbasert oppdrettsteknologi kan bli ein viktig eksportartikkel, seier fiskeriminister Per Sandberg .
Som ein del av regelendringa treng oppdrettarar heller ikkje konsesjon for å drive smoltproduksjon fram til fisken er eitt kilo stor. Mange oppdrettselskap inveserer for å halde fisken i lukka anlegge lenger enn før, for å redusere tida frå den blir sett ut i sjøen til den skal slaktast. Ved åp gjere det på denne måten kan dei blant anna auke produksjonskapasiteten og likevel halde seg under taket for kor stor oppdrettsproduksjonen kan vere.

Publisert: 01.06.2016 15:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46