(NPK): Forskarar har rekna seg fram til kor mykje is som har forsvunne frå Grønland dei siste 115 åra. Funnet kan hjelpe dei å forstå kvifor havnivået stig.
For å vite kor mykje havnivået kjem til å stige i framtida må forskarane vite kor mykje av innlandsisen på Grønland som kjem til å smelte. Dei må også vite kor mykje is som allereie har forsvunne, skriv .
Det første spørsmålet kan forskarane svare på ved å overvake menga is frå år til år. Det andre spørsmålet er vanskelegare fordi det mangla data frå tida før satellittovervakinga starta.
No har ei gruppe forskarar rekna seg fram til kor mykje is som har smelta dei siste 115 åra ved å bruke gamle flyfoto. Dei kom fram til at Grønland har mista 9.000 milliardar tonn is i perioden.
– Den nye studien set issmeltinga inn i ein historisk kontekst. Det hjelper oss til betre å anslå kor mykje havet kjem til å stige, seier Peter Langen, forskar ved det danske meteorologiske instituttet.
Langen meiner studien også vil vise om tapet av innlandsisen er eit nytt fenomen, eller om liknande tap har skjedd tidlegare. (©NPK)

Publisert: 28.12.2015 14:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49