Kort fortalt

Grønt lys for landbasert oppdrett

Bulandet Miljøfisk får fem konsesjonar.

29.09.2017
NPK: Det nystarta selskapet Bulandet Miljøfisk AS fekk onsdag tildelt fem gratiskonsesjonar for å drive landbasert oppdrett av laks og sjøaure på Bulandet i Askvoll kommune.
Selskapet har fått utsleppsløyve med ei produksjonsramme på 5.500 tonn fisk i året. Sjølve anlegget skal byggjast ned i grunnen under havnivå og er basert på gjennomstrøyming av reint sjøvatn henta under lakselussona. Vatnet skal reinsast før det går tilbake til sjøen.
– Anlegget på Bulandet skal ikkje bruke kjemiske middel. Fisken kjem til å vere heilt fri for lus, seier prosjektleiar Ola Sveen i Bulandet Miljøfisk til .
Før selskapet kan gå i gang med å byggje anlegget, må dei no få med seg investorar som vil satse på landbasert oppdrett. Sjølve utbygginga skal ta åtte månader, og seinare er planen å byggje opp produksjonen over tre år. Venteleg kan Bulandet Miljøfisk etter kvart sysselsetje åtte til ti personar.
Mens oppdrettskonsesjonar for anlegg i sjøen blir omsette for 50–100 millionar kroner, deler styresmaktene gratis ut konsesjonar til dei som vil drive oppdrett på land.

Publisert: 29.09.2017 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41