Kort fortalt

Grøntprodusentar slit med høge straumprisar

Kan gi meir import av grønsaker.

NPK
13.12.2021
(NPK): Høge straumprisar har gjort det vanskeleg for norske grønsakprodusentar. Mindre produksjon kan føre til auka import.

– Produsentane opplever den økonomiske belastninga som brutal og fortvilande. Det er gjennomført fleire prisjusteringar i verdikjeda, men det er ikkje mogleg å dekke inn denne kostnadsauken gjennom marknaden åleine, seier Kai Knutsen, fungerande administrerande direktør i Gartnerhallen, til Nationen.


Fleire veksthusprodusentar han har snakka med, har meirkostnader til energi hittil i år på millionar over eit normalår. Dette vil dessverre halde fram gjennom vinteren, trur Knutsen.

Bama uttrykker forståing for situasjonen, og har akseptert høgare prisar på agurk, tomat, crispi og urter i den noverande situasjonen. Pia Gulbrandsen, kommunikasjonsdirektør i Bama, seier dei er i dialog med produsentane med tanke på ytterlegare kompensasjon for auken i energiprisar.

Ho seier vidare at produksjonen går noko nedover, og at det derfor ser ut som dei må ty til meir import. Det er likevel ikkje ein situasjon dei ønsker, skriv Nationen.

(©NPK)

Publisert: 13.12.2021 11:49

Sist oppdatert: 13.12.2021 11:52

Mer om