Kort fortalt

Gründerkurs for innvandrarar

Hopp-id og flyktningtenesten med etableringskurs.

29.07.2019
- Vi ønsker å bidra til at innvandrarar kan skape sin eigen arbeidsplass, til at dei får brukt ressursane sine og finn seg til rette i lokalsamfunnet. Mange innvandrarar har ei utdanning og ein kompetanse som dei ikkje får brukt når dei buset seg i Noreg. Fleire har også gründererfaring i bagasjen. Eit kurs kan hjelpe dei eit stykke på veg, seier Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Kurset går over seks samlingar og skal mellom anna gi ei innføring i regelverk, norsk forretningskikk og utvikling og etablering av eiga bedrift.
Kurset er eit samarbeid mellom hoppid.no, Flyktningstjenesten Molde kommune og Skatt Midt-Norge.

Publisert: 29.07.2019 10:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33