Kort fortalt

Gullklokker på løpande band

14 av 35 tilsette fekk gullklokke.

28.05.2016
14 av Nordvest Nett sin 35 tilsette har arbeidd i selskapet i minst 30 år. På ein personalfest fredag fekk alle 14 utdelt klokka som takk for lang teneste.
- Det er sjølvsagt spesielt å dele ut gullklokke til så mange på ein gong, men grunnen til at det er litt sprik i ansiennitet er at vi for halvanna år sidan slo saman to selskap. I dei to selskapa var det forskjellig praksis. No har vi difor fått samkøyrt dette, seier administerrande direktør Stein Bergheim i Nordvest Nett i ei pressemelding.
Selskapet det samla ansvaret for straumnettet i kommunane Haram, Skodje, Ørskog, Stordal og Vestnes og er eigd av Ørskog Energi og Vestnes Energi, som begge er kommunalt eigde selskap.

Publisert: 28.05.2016 15:06

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46