Kort fortalt

Går ned i stilling for å halde fleire i jobb

Archer-tilsette med på lønsdugnad.

01.03.2016
(NPK): 327 tilsette i oljeserviceselskapet Archer er villige til å jobbe mindre for å berge 56 arbeidsplassar i åtte månader.
327 av 640 tilsette har sagt ja til å få stillingane sine redusert med 17,3 prosent, fortel .
– Kjempebra at så mange vil vere med på dette solidariske løftet, spesielt med tanke på at mange allereie har fått stillingane sine reduserte og dermed har opplevd eit betydeleg inntektstap, seier leiar i Industri Energi i Archer Bjørn Rimereit.
Selskapet nytta ei liknande ordning også ein periode i fjor. Då skal fleire tilsette som takka ja ha vore misnøgde i etterkant, ifølgje Sysla. Dei kjende seg lurte då andre kollegaer som takka nei, fekk behalde lønna. (©NPK)

Publisert: 01.03.2016 14:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47