Kort fortalt

Går saman i Smarthub

Nye smartmålarar skal gi billigare straum.

29.09.2016
ID: 12974739
(NPK): Ti nettselskap i Møre og Romsdal har gått saman og danna selskapet Smarthub som innan 2019 skal tilby alle straumabonnentar nye smartmålarar.
Føremålet er å få folk til å fordele straumbruken ut over heile døgnet, slik at det blir minst mogleg belastning på nettet.
– Det er nettleiga ein først og fremst fokuserer på, men det er klart at dersom kvar enkelt kunde får oversikt over forbruket sitt time for time, så vil det vere mogleg å styre forbruket mot dei gjeldande kraftprisane, seier prosjektleiar Svein Ivar Morsund, til NRK.
Installeringa av dei nye målarane har byrja. I Nesset og Sunndal har nokre brukarar alt fått montert dei første kommunikasjonspunkta for dei nye målarane. Innan 2019 skal 150.000 abonnentar over heile Møre og Romsdal ha fått smartmålar i heimen sin. Det skal visstnok ikkje bli problem å montere nye målarar i gamle anlegg. (©NPK)

Publisert: 29.09.2016 14:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44