Kort fortalt

Høgaste arbeidsløyse sidan august 2021

Ferske tal frå SSB.

26.02.2024

(NPK-NTB): I januar utgjorde dei arbeidsledige 3,9 prosent av arbeidsstyrken. Ikkje sidan august 2021 har arbeidsløysa vore høgare.

Det viser ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Arbeidsløysa på 3,9 prosent svarer til 117.000 arbeidsledige personar, som er 2000 fleire enn i desember. Sist gong arbeidsløysa var høgare enn dette var i august 2021.

– Arbeidsløysa har lege på rundt 3,5 prosent gjennom store delar av 2023, men etter ein auke dei siste månadene var han i januar på 3,9 prosent. Om lag to tredelar av siste års auke i arbeidsløysa har vore blant menn, seier seksjonssjef for arbeidsmarkeds- og lønnsstatistikk i SSB, Tonje Køber.

Mykje av auken kom blant menn i alderen 25 år og over.

I heile 2023 var det ein større auke i talet på sysselsett enn i talet på ledige. Det vil seie at arbeidsløyseauken i stor grad kom av at det var fleire som tidlegare var utanfor arbeidsstyrken som leitar etter jobb, og ikkje av at det var fleire som har mista jobben dei hadde.

Publisert: 26.02.2024 09:22

Sist oppdatert: 26.02.2024 09:22

Mer om