Kort fortalt

Halv pris for elbil-parkering

Nytt forslag ut på høyring.

22.11.2017
NPK: – Det er viktig at det lønner seg å bruke elbil, også når ein skal parkere, seier samferdselsministeren. No sender han ut på høyring eit forslag til endring av vegtrafikklova og parkeringsforskrifta for å sikre at elektriske og hydrogendrivne bilar skal ha minst 50 prosent rabatt ved parkering.
– Vi har ambisiøse mål om å elektrifisere vegtransporten. For å stimulere til ytterlegare bruk av elektriske køyretøy bør det derfor vere billigare å parkere eit elektrisk enn eit fossildrivne køyretøy, seier statsråd Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.
Forslaget gjeld på avgiftsbelagde kommunale parkeringsplassar skilta med kvit "P" på blå bakgrunn.
Høyringsfristen er 21. januar 2018.

Publisert: 22.11.2017 10:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40