Kort fortalt

Halvering av oljeskatten

Over 400 milliardar mindre enn i fjor.

30.06.2023

NPK-NTB: Ifølgje berekningar frå Oljeskattekontoret er petroleumsskatten for 2023 estimert til om lag 433 milliardar kroner, ei halvering samanlikna med 2022.

− Årets terminskatt ligg framleis på eit historisk svært høgt nivå, og reduksjonen frå i fjor kjem i hovudsak av nedgang i olje- og gassprisane, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark i ei pressemelding.

Ho seier at trass i uvisse om utviklinga i råvaremarknadene og kronekursen, forventar selskapa relativt høge prisar og ei svak krone i 2023. Begge delar påverkar inntektene, ettersom petroleumsprodukt frå norsk sokkel i hovudsak blir selde i utanlandsk valuta.

Terminskatten var på 884 milliardar kroner for 2022, noko som var det høgaste nokosinne, og nesten tre gonger så høgt som i 2021 med 295 milliardar kroner. Årsaka til den høge skatten i 2022 var i hovudsak svært høge gassprisar og ein svak kronekurs.

Skatteinntektene frå oljeselskapa går inn i Statens pensjonsfond utland.

Publisert: 30.06.2023 08:40

Sist oppdatert: 30.06.2023 08:40