Kort fortalt

Handelsoverskotet fell

Svekka oljepris dreg kraftig ned.

16.04.2020
NPK-NTB: Låg oljepris gjorde at verdien av Noregs eksport fall kraftig i mars. Samtidig var importen høg. Det gav eit handelsoverskot på berre 2,5 milliardar kroner.
Det vart eksportert varer for 70,8 milliardar kroner i mars i år, ein nedgang på 17 prosent frå same månad i fjor, ifølgje (SSB).
Samtidig var importverdien 68,3 milliardar kroner, det nest høgaste som nokon gong er registrert.

Publisert: 16.04.2020 10:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28