Kort fortalt

Har etablert fiskemottak på Godøya

– Geografisk sett er Godøya ideell, seier gründeren.

01.03.2021


Chris Lorentzen i selskapet Norcoast har etablert fiskemottak på Godøya, ifølge Nytt i Uka.

Lorentzen er kokk og har mykje erfaring med fisk, som han trur kjem godt med. Ifølgje avisa blir mottaket det einaste på Godøya og gründeren fortel at det ikkje var tilfeldig at dei hamna nett her.

– Eg forhøyrde meg med ein del fiskarar om kvar det kunne vere lurt å opne eit nytt mottak. Geografisk sett er Godøya ideell, ettersom det er kort veg for fiskarane å kome inn for å levere, seier han til avisa.

Publisert: 01.03.2021 13:13

Sist oppdatert: 01.03.2021 13:15

Mer om