(NPK-NTB): Sjøfartsdirektoratet har fastsett krav om nullutslepp frå turistskip og -ferjer i verdsarvfjordane, i tråd med tidlegare stortingsvedtak.
Som regjeringa førespegla i fjor, blir kravet innført for passasjerskip under 10.000 bruttotonn frå 1. januar 2026, skriv Klima- og miljødepartementet.
Større passasjerskip får kravet frå 1. januar 2032. I august 2025 vart det kjent at desse fekk kravet utsett, i utgangspunktet skulle kravet gjelde alle skip frå 2026.
Krava vil gjelde for dei fem verdsarvfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. Passasjerskipa kan bruke biogass, men dei må bruke landstraum der det er tilgjengeleg.
(©NPK)
Publisert: 14.04.2025 10:49
Sist oppdatert: 14.04.2025 10:49






