– Eg har ikkje hatt tid til å legge ein ny plan før valet, så eg er like spent som dei som spør, seier Alfred Bjørlo til avisa Fjordingen om planane for framtida.
Med eit dårleg val for Venstre, fall eidaren ut av Stortinget – og har ope kalender framover.
Bjørlo var ordførar i Eid i ti år, før han hamna på Stortinget – der han har representert Sogn og Fjordane valkrets dei siste fire åra.
– Eg er open for det meste, så får eg bruke litt tid framover og sjå kva som finst. Vi bur jo på Eid, men med vaksne barn er det jo mogeleg å pendle både til Oslo og Bergen, fortel han til avisa.
Publisert: 09.09.2025 13:56
Sist oppdatert: 09.09.2025 13:56






