(NPK): Frå i år blir det innført totalkvotar i fisket etter leppefisk. I tillegg blir opningstidene for fisket endra.
Det har dei siste åra bygd seg opp ei næring ved å fiske etter leppefisk som blir brukt som reinsefisk i oppdrett. Dette har ført til eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten og Fiskeridirektoratet vil difor skjerpe regelverket for å ha ei meir aktiv føre-var-haldning.
Dette inneber mellom anna at opningstidspunkta blir noko seinare i år enn i fjor og at det vert innført totalkvotar som gjeld alle artane av leppefisk.
På Sørlandet (svenskegrensa – Vest-Agder) opnar fisket 11. juli og i området er det ein totalkvote på 4 millionar leppefisk.
På Vestlandet (Rogaland – Sogn og Fjordane) opnar også fisket 11. juli og her er totalkvoten 10 millionar leppefisk.
I Midt-Norge (Møre og Romsdal og nordover) opnar fisket 25. juli og totalkvoten er 4 millionar leppefisk.
Alle som fiskar leppefisk som skal brukast som reinsefisk i oppdrett av laks og regnbogeaure, må ha ein leveringsavtale for å kunne drive fiske. (©NPK)
Det har dei siste åra bygd seg opp ei næring ved å fiske etter leppefisk som blir brukt som reinsefisk i oppdrett. Dette har ført til eit stort press på bestandane av leppefisk langs kysten og Fiskeridirektoratet vil difor skjerpe regelverket for å ha ei meir aktiv føre-var-haldning.
Dette inneber mellom anna at opningstidspunkta blir noko seinare i år enn i fjor og at det vert innført totalkvotar som gjeld alle artane av leppefisk.
Tre soner
Fisket etter leppefisk er delt inn i tre soner; Sørlandet, Vestlandet og Midt-Norge, som i realiteten gjeld alle fylke frå Møre og Romsdal og nordover.På Sørlandet (svenskegrensa – Vest-Agder) opnar fisket 11. juli og i området er det ein totalkvote på 4 millionar leppefisk.
På Vestlandet (Rogaland – Sogn og Fjordane) opnar også fisket 11. juli og her er totalkvoten 10 millionar leppefisk.
I Midt-Norge (Møre og Romsdal og nordover) opnar fisket 25. juli og totalkvoten er 4 millionar leppefisk.
Alle som fiskar leppefisk som skal brukast som reinsefisk i oppdrett av laks og regnbogeaure, må ha ein leveringsavtale for å kunne drive fiske. (©NPK)
Publisert: 18.03.2016 17:39
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47





