Brunvoll Nexans Ulstein Skipsteknisk AUP115 Azimuth DP 01 1
NEXANS: Slik skal skipet etter planane sjå ut. Foto: Skipsteknisk AS
Kort fortalt

Hareid Group-oppdrag for Ulstein

Skal levere tavler til Nexans-skip.

Marius Rosbach
03.01.2024

Hareid Group har inngått ein avtale med Ulstein Verft om levering av tavler til det store kabelskipet Nexans Marine Operations skal bygge.

Leveransane inkluderer alle hovudtavler for 690V, 440V og 230V, nødtavler, koplingar for landstraum og ein rekke andre tavler og fordelingar om bord.

Hjalmar Roald som leiar Power & Automation-avdelinga i Hareid Group opplyser at dei har levert betydeleg med tavlepakkar, og at dei har mål om å kapre større delar av marknaden.

Ulstein Verft fekk i september 2023 oppdraget med å bygge ein ny og oppdatert versjon av fartøyet MS Nexans Aurora. Skipet er designa av Ålesund-baserte Skipsteknisk As.

Publisert: 03.01.2024 13:48

Sist oppdatert: 03.01.2024 13:48

Mer om