Kort fortalt

Hav- og kystbrisling ikkje i slekt

Det syner nye dna-testar.

21.04.2020
NPK: Brislingen i norske fjordar er ikkje i slekt med brislingen i hava utanfor norskekysten, syner dna-testar utført av Havforskingsinstituttet.
Tidlegare var brisling delt inn i ulike bestandar i Nordsjøen, Skagerrak-Kattegat med tilhøyrande norske fjordar og Austersjøen, skriv Havforskingsinstituttet i ei sak på
Havforskarane har no analysert DNA-prøver av 2 500 brislingar frå 40 stadar i dei nære havområda våre og funne at det ikkje er utveksling mellom hav og kyst
– Vi ser tre heilt distinkte «brislingfamiliar»: Norskekysten, Nordaust-Atlanteren i eitt og Austersjøen. Det er med andre ord ikkje slik at brisling frå havet kan gi påfyll i norske fjordar., seier havforskar Cecilie Kvamme i saka.
– Det kan vere at havbrislingen og kystbrislingen er tilpassa ulike miljø, og derfor ikkje har noko med kvarandre å gjere, seier ho.

Publisert: 21.04.2020 13:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28