Kort fortalt

Havbruksutstyr får nytt liv

Gjenvinner notposar og anna utstyr.

NPK
07.03.2022

(NPK): På 12 år har Egersund Net levert nærmare 17.000 tonn utrangerte notposar og anna utstyr frå havbruk til verksemda Nofir. Så mykje som 78 prosent er materialgjenvunne for å få ei ny runde i kretsløpet.

Ifølgje Nofirs analysar utgjer 17.000 tonn gamle notposar og anna utstyr frå havbruk miljøsparingar tilsvarande 51.200 tonn CO2, og 26 100 tonn oljeekvivalentar spart frå miljøet. Førstnemnde svarar til om lag 465.000 flyreiser frå Oslo til London.

– Vi jobbar aktivt for å redusere miljøavtrykket vårt i alle prosessar og for å bidra til ei forbetring i heile bransjen. At vi kan gå fram som eit godt eksempel på sida for attvinning, er gledeleg, og noko vi kjem til å halde fram å jobbe mykje med, seier Glenn Mo, dagleg leiar i Egersund Net, i ei pressemelding.

(©NPK)

Publisert: 07.03.2022 13:55

Sist oppdatert: 07.03.2022 13:57

Mer om