NTB l Bb I5o8g0zo
Havforskarane tilrår nullkvote for lodde i Barentshavet. Foto: Erik Veigård / NTB / NPK
Kort fortalt

Havforskarar tilrår fiskestopp for lodde i 2026

Nye berekningar viser at gytebestanden no er den lågaste som er målt sidan 1995.

11.12.2025

NPK-NTB: – Målingane i år viser at det var små mengder lodde i Barentshavet og spesielt i dei normalt viktigaste beiteområda på og rundt Storbanken, seier forskar Georg Skaret ved Havforskingsinstituttet.

Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde, seier nye berekningar viser at gytebestanden no er den lågaste som er målt sidan 1995.

Havforskarane tilrår derfor nullfiske av lodde i Barentshavet i 2026. Også i år vart det tilrådd nullfiske, men bestandsnivået no er mykje lågare – under 40 prosent av fjorårets.

– Loddebestanden er langt nede, men historia har vist at den har ein sterk tendens til å komme tilbake dersom han får tid til å byggje seg opp igjen, seier Skar.

Publisert: 11.12.2025 08:42

Sist oppdatert: 11.12.2025 08:42