Kort fortalt

Havforskinga radiomerker sild

Har merka 33.500 sild.

06.02.2019
NPK: Havforskingsinstituttet har radiomerka 33.500 sild for å kartleggje vandringa til fisken.
Fisken har blitt fanga på Reisafjorden i Nord-Troms, og blitt målt og merkt før han har blitt sleppt ut igjen.
Merket er på storleik med ein tablett og blir skote inn i buken på silda. Når den merkte silda blir fanga, blir informasjonen automatisk lesen av på fangstmottaket.
– Etter kvart som silda blir fanga igjen, får vi eit bilde av korleis silda har vandra og korleis veksten har vore sidan merkinga, seier forskingssjef Aril Slotte, leiar for faggruppa for pelagiske artar.
Målsettinga til forskarane er at fleire år med merking vil gjere det mogleg å seie noko om storleiken på dei ulike årsklassane og utviklinga til sildebestanden.

Publisert: 06.02.2019 14:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36