Kort fortalt

Havila Kystruten straks på børs

Børsoppstart truleg 29. juli.

26.07.2021

Oslo Børs opplyser i ei melding at ein har mottatt søknad frå selskapa Havila Kystruten og BioFish Holding om opptak til handel på Euronext Growth.

Oslo Børs har no vedtatt å ta aksjane i selskapa opp til handel. Det vert føresett at selskapa før første handelsdag oppfyller opptakskrava for Euronext Growth.

Det er venta at Havila Kystruten blir tatt opp til handel 29. juli med tickeren HKY.

Det Herøy-baserte selskapet gjennomførde i juli ein emisjon som tilførde selskapet 500 millionar friske kroner.

Publisert: 26.07.2021 09:56

Sist oppdatert: 26.07.2021 10:00

Mer om