Kort fortalt

Havila Kystruten tener meir per lugar

Men aksjekursen peikar ned onsdag.

Marius Rosbach
17.12.2025

Havila Kystruten melder at dei i november tente 15 prosent meir i snitt på lugarane sine, samanlikna med same månad i fjor. 

Så langt i år ligg inntektene per lugar i snitt 20 prosent høgare, enn i 2024. I same børsmelding opplyser reiarlaget at dei har fleire bestillingar neste år. 

Aksjekursen til Havila Kystruten peika derimot ned onsdag. 

Ved 14.30-tida var kursen litt over 56 kroner. Det utgjorde eit fall på kring 5,5 prosent – mest av selskapa frå Nordvestlandet på det tidspunktet. 

Publisert: 17.12.2025 14:41

Sist oppdatert: 17.12.2025 14:41

Mer om