Vegard Saevik Bent Martini foto M Arius
VENTAR OVERSKOT: Ved utgangen av 2026 ventar styreleiar Vegard Sævik og reiardirektør Bent Martini at Havila Kystruten leverer eit overskot før skatt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Havila Kystruten har kurs mot balanse

Framleis milliardunderskot og starten blei tråare enn dei venta. No er det pluss i sikte.

Marius Rosbach
04.12.2025

Då Havila Kystruten førre veke leverte tala for 3. kvartal, skjedde det med ein optimistisk tone om auka inntekter og betre lønnsemd. Men på botnlinja hadde selskapet framleis eit underskot før skatt på 1,1 milliard kroner ved utløpet av perioden. 

Reiardirektør Bent Martini fortel at dei i løpet av det komande året tek sikte på å kome til ein avgjerande milepåle: At selskapet startar å tene pengar for alvor.  

– VI har satt oss en målsetting neste år om å ha eit ebitda-overskott på 600 millionar kroner. Då vil vi vere i balanse når «alt» er betalt, seier han til Nett No.

Ebitda er resultatet før det er trekt frå renter, skatt, avskriving og nedskrivingar. 

– Ved utgangen av neste år skal vi vere positive også når det gjeld resultat før skatt, legg Martini til. 

H Avila Polaris kai Alesund foto Marius 11
HISTORISK SEGLAS: Denne veka gjennomførte Havila Polaris ein rundtur på kystrutestrekninga på flytande biogass - som redusererer CO2-utsleppa med over 90 prosent. Selskapet håpar å kapre større delar av anbodet i komande periode. Foto: Marius Rosbach

– Pengane har floge ut i alle retningar
Det har vore ei lang reise sidan Sævik-familien i 2018 annonserte at dei ville satse tre milliardar på å bygge fire skip som skulle konkurrere med Hurtigruten på den tradisjonsrike strekninga mellom Bergen og Kirkenes. 

Kostnadene med å få skipa ferdige, skulle vise seg å bli betydeleg høgare. Og målet om å få alle dei fire skipa i drift frå starten av 2021, haldt ikkje. 

I staden vart det bytte av byggeverft – med påfølgjande rettssak, forseinka bygging i Tyrkia – med ein ny rettsstrid og ein oppstart midt under koronapandemien

– Pengane har floge ut i alle retningar, sa dåverande styreleiar Per Sævik til Nett No då det fjerde skipet blei sett i drift i august 20023 – fleire år etter den opphavlege planen. 

Fleire bookingar og høgare snittpris
Per Sævik påpeika då at det var opp til reiarlaget sjølve å vise at dei var i stand til å få business av investeringa han anslo til kring fem milliardar. 

Drygt to år etterpå er dei på kurs til å gjere nettopp det. 

– Vi leverer over 400 millionar ebitda-overskott i år og vil auke neste år. Vi har allereie selt veldig godt og ligg godt framom der vi var på same tid i fjor, fortel reiarsjef Bent Martini. 

– Gjennomsnittsprisen ligg også høgare enn i fjor, så det er veldig mykje som ser positivt ut, seier han. 

Han påpeiker at marknaden er orientert om framskrivingane. 

Kan vere aktuelt å bygge nye skip
Under Nor Shipping fortalde Havila Kystruten om moglegheitene til å bygge nye skip. Martini stadfestar at det i tilfelle er aktuelt om dei får større delar av anbodet på kystruten enn i dag. 

Herøy-reiarlaget trafikkerer 4 av 11 skip melom Bergen og Kirkenes i dag, medan Hurtigruten seglar dei andre skipa på strekninga. 

– Primært handlar det om å vinne dei fire rutene vi har i dag på nytt. Så er det opp til korleis dei nye anboda blir utforma, og om det gjer det mogleg for oss å investere meir, seier han.

– Vi har ein ambisjon om å vekse, men vi kan berre vekse om vi blir gjort i stand til det. Vi jobbar for å levere så gode resultat, at vi kan vere der framover og vekse på ruta, legg han til. 

Havila Holding er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Publisert: 04.12.2025 05:00

Sist oppdatert: 04.12.2025 02:00

Mer om