(NPK): Per Sævik og Havilafjord kjem til å krevje erstatning frå Sogn og Fjordane fylkeskommune enten dei når fram med kravet sitt om å få kjøpe ferjeselskapet Fjord1 eller ikkje.
Havilafjord kjem truleg til å stemne fylkeskommunen for retten ein av dei næraste dagane, ifølgje fleire medium.
Bakgrunnen for stemninga er vedtaket fylkestinget gjorde i november om å selje majoritetsposten sin i Fjord1 til transportselskapet Torghatten i Brønnøysund. Minoritetseigar Havilafjord meiner vedtaket er lovstridig, og at dei har forkjøpsrett til aksjane.
Uavhengig av om selskapet vinn fram med kravet om å få kjøpt Fjord1, kjem altså selskapet til å krevje erstatning frå fylkeskommunen.
– Grunngivinga for erstatningskravet er at fylkeskommunen har medverka til å rigge ein fiktiv selskapskonstruksjon for å unngå den forkjøpsretten Havilafjord etter lova har. Når vi da blir tvinga til å gå til domstolen for at den retten skal bli respektert, så fører det til store utgifter for klienten vår, og det kjem fylkeskommunen til å bli gjort direkte erstatningsansvarleg for, seier Havilafjords advokat Dag Steinfeld til .
Selskapskonstruksjonen Steinfeld siktar til, er selskapet F1 Holding AS, som Sogn og Fjordane fylkeskommune eig Fjord1 gjennom. (©NPK)

Publisert: 11.02.2016 13:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49