Kort fortalt

Heidi Nakken til ProtoMore

Skal leie norges første prototypelab.

18.03.2016
Heidi Nakken sluttar som fylkessekretær i Møre og Romsdal Høgre og vert ny dagleg for Molde-baserte ProtoMore.
Dette opplyser Molde Kunnskapspark i ei pressemelding.
ProtoMore har som ambisjon å auke konkuranseevna til eksisterande industribedrifter gjennom raskare prototyping og bruk av strukturert metodikk.
I pressemeldinga vert det vist til at Nakken gjennom sin arbeidserfaring har eit godt nettverk både i næringslivet og politikken, og ei forståing for system og forvaltning som er ein god og komplimenterande kompetanse.
Det vert også vist til at ho har vore ute hos ei mengde bedrifter i mange bransjar, og kjenner godt til utfordringane i næringslivet.
Nakken har utdanning innan Juss og Administrasjon frå Høgskolen i Molde.

Publisert: 18.03.2016 14:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47