(NPK-NTB): Mattilsynet snur og lar Orkla omtale syltetøy, surkål og potetstappe laga på fabrikk som «heimelaga».
I januar avgjorde ein lokalavdeling i Mattilsynet at Orkla ikkje lenger fekk kalle fabrikkprodusert mat heimelaga. Orkla anka, og no har Mattilsynet sentralt snudd, skriv Aftenposten.
– Fordi mat laga i private heimar ikkje er tilgjengeleg på marknaden i vesentleg grad, kan vi vanskeleg fastslå at ein normalt opplyst gjennomsnittsforbrukar per i dag har forventningar til denne type produksjonsmåte, skriv Mattilsynet til Orkla.
Mattilsynet har brukt tre år på saka etter ein førespurnad om omgrepsbruken. Det siste året er brukt på anken, ifølgje avisa.
Forbrukarrådet er ueinig i avgjerda til Mattilsynet og etterlyser ei innstramming. Omgrepet blir brukt berre fordi det har ein salsfremmande effekt, meiner fagdirektør Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet. (©NPK)

Publisert: 16.12.2015 08:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49