50 studentar frå Trondheim og 50 studentar frå Ålesund skal samlast til den maritime rekrutteringskonferansen "Sea the Future" i Fosnavåg i torsdag 19. mars.
Dette blir tredje år på rad for dette arrangementet, som er eit samarbeid mellom fleire maritime bedrifter i Møre og Romsdal. Blant dei er Brunvoll, DNV, Havila Kystruten, Havila Shipping, HAV Group, Marin Teknikk, Olympic Subsea, Rem Offshore, Ulstein Group, MMC First Process og Vard. Thon Hotel Fosnavåg og Herøy Kommune er også med, skriv arrangøren i ei pressemelding.
I tillegg til konferansen skal studentane også på bedriftsbesøk. Studentane frå Trondheim dreg med Havila Kystruten til Molde, med omvisning poå skipet og møte med fleire bedrifter som er med på turen. I Molde blir det overnatting og besøk hos Brunvoll. Frå Molde går turen vidare til Ulstein Group før det blei samling og middag i Fosnavåg kvelden før konferansen. Til middagen kjem også studentane frå Ålesund, som har vore på besøk hos Myuklebust Verft på vegen.
Reise og opphald betalar arrangørene.
Publisert: 09.03.2026 10:57
Sist oppdatert: 09.03.2026 10:57






