Kort fortalt

Hexagon-oppdrag i USA

Skal levere gasstankar til amerikansk kunde.

30.12.2021

Hexagon Agility, eit datterselskap av Hexagon Composites, skal levere store mobile gasstankar og drivstofftankar og -system til ein stor lastebiloperatør i Nord-Amerika. Lastebiloperatøren brukar naturgass og/eller biogass som drivstoff.

Dei store tankane skal brukast for etterfylling av drivstoff, drivstofftankane skal monterast på lastebilar.

Kontrakten for dei store mobile gasstankane er på 64 millionar kroner. Kunden har samla inngått kontraktar for levering i 2022 for 285 millionar kroner med Hexagon Agility.

Les børsmelding her

Publisert: 30.12.2021 08:29

Sist oppdatert: 30.12.2021 09:10