NPK-NTB: Det er ifølgje Arbeidstilsynet historisk låge tal.
– Det er bra at utviklinga går riktig veg, men tala skal ikkje vere ein sovepute. Landbruket må tenkje på sikkerheit og fortsette å førebyggje skader, seier bonde Ole Kristian Skallerud til .
Oversikta frå tilsynet viser talet på dødsfall frå 1989 til 2017.
Eitt av dødsfalla skjedde då ein bonde vart stanga av ein okse på eit jorde i Hedmark. I Harstad omkom ein mann då han hamna under ei skogsmaskin. Det tredje dødsfallet skjedde då ein person fekk fleire 500 kilos kornsekker over seg da han skulle stable sekkene på eit lager.
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) prøver å forhindre ulykker i eit yrke der mange jobbar åleine og brukar farlege og store maskiner.
– Vi meiner å sjå ein positiv trend i landbruket. Dødstala er på veg ned, men næringa kan ikkje vere fornøgde før vi er på null, seier fagkoordinator for HMS i NLR, Halle Arnes.
I 2016 døydde fem personar i arbeid knytt til landbruk.

Publisert: 11.01.2018 08:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:40