Kort fortalt

Hofseth kjøper i Japan

Hofseth Biocare har blitt eigar av 15 prosent av aksjane i det japanske salselskapet HFS Alliance.

09.10.2015
Aksjeposten er eit resultat av ein sals- og distribusjonssavtale med det japanske selskapet Alliance Seafood Ltd. i Tokyo i sommar.

Hofseth Biocare og Alliance Seafood skal eige salsselskapet HFS Alliance saman, for å selge og distribuere Hofseth Biocare sine produkt i Japan.
Hofseth Biocare utvinn olje, beinmjøl og protein frå lakseavskjær.
Tor Erik Andersen er tilsett som driftsdirektør i Hofseth Biocare. Han kjem frå ei tilsvarande stilling i Western Bulk Pte. Ltd.

Publisert: 09.10.2015 10:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50