(NPK-NTB): Ikkje sidan 1980-talet er det blitt selt fleire bilar i Noreg enn i 2015. Talet på nye registrerte personbilar auka med 4,5 prosent frå året før.
Det vart registrert 150.686 nye personbilar i Noreg i fjor. I tillegg vart det importert 21.756 bruktbilar – ein nedgang på 12,1 prosent frå 2014. Ikkje sidan 1986 er det registrert så mange nye og importerte bruktbilar i landet, ifølge .
Elbilar hadde ein marknadsdel på 17,1 prosent, ein auke på 4,6 prosentpoeng i 2014. Også talet på ladbare hybridbilar auka kraftig, frå 1.678 bilar i 2014 til 7.964 bilar i 2015. Delen dieselbilar fall frå 48,8 prosent til 40,9 prosent.
Gjennomsnittleg CO2-utslepp frå nyregistrerte personbilar er no nede i 100 gram per kilometer. Det er 10 gram per kilometer lågare enn året før. (©NPK)

Publisert: 06.01.2016 08:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49