Kort fortalt

Hopp for konsumprisindeksen

Høgare elprisar drog prisane opp.

10.02.2016
(NPK-NTB): Høgare kraftprisar var hovudårsaka til at konsumprisindeksen steig med 0,6 prosent frå desember til januar.
Prisstiginga den siste månaden er den kraftigaste januar-oppgangen i konsumprisindeksen (KPI) sidan 2003, viser tal frå Statistisk sentralbyrå ( ).
– Hovudårsaka var no som den gong ein betydeleg oppgang i kraftprisane. Prisen på elektrisitet inkludert nettleige steig 20 prosent sist månad, og vi må tilbake til mai 2011 for å finne eit like høgt prisnivå som vi hadde no i januar, opplyser SSB.
Ifølgje SSB er endringa i elektrisitetsprisen den største i ein enkelt månad sidan november 2007.
Også nettleigeprisen auka frå desember til januar, og var den høgste månadsauken sidan januar 2010. Oppgangen i nettleiga må likevel sjåast i samanheng med at elavgifta gjekk opp 1,85 øre per kilowattime frå 1. januar 2016.
– Store delar av Noreg var i januar prega av ein kuldeperiode som bidrog til høge spotprisar på kraft. I enkelte prisområde dobla prisane seg frå desember til januar, fastslår SSB.
Utan kraftprisane inkludert steig prisane med 0,1 prosent frå desember til januar.
Dei siste tolv månadane har KPI stige med 3,0 prosent. Auken er 0,7 prosentpoeng høgare enn tolvmånadersendringa var i desember.
Den såkalla kjerneinflasjonen – KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer – har også stige 3,0 prosent dei siste tolv månadane. (©NPK)

Publisert: 10.02.2016 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:48