Kort fortalt

Hopp i bustadprisane

Bustadprisvekst i november for første gong på ti år.

03.12.2015
(NPK-NTB): Bustadprisane steig med 0,4 prosent i førre månad. Det er første gong på ti år at det er prisvekst i november månad.
Bransjeorganisasjonen Eiendom Norge hadde venta ein nedgang på 0,7 prosent i november. I staden gjekk bustadprisane opp i heile landet, med unntak av Rogaland og Finnmark.
Administrerande direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge slit med å forklare veksten:
– Dette er ei sterk utvikling. Vi må ærleg innrømme at vi er overraska. Vi hadde forventa ein nedgang. Dette er den sterkaste november vi har hatt dei siste ti åra, sa Dreyer då tala blei lagt fram torsdag føremiddag.
Han slo fast at trenden bryt med korleis marknaden har sett ut dei siste ti åra.
– Grunnen til at dette skjer er vanskeleg å forklare. Makrotala som påverkar marknaden er ikkje endra, seier Dreyer. (©NPK)

Publisert: 03.12.2015 12:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49