(NPK): Talet på internasjonale patentsøknader auka med 1,7 prosent frå rekordåret 2014 til 2015.
World Intellectual Property Organization tok imot over 218.000 patentsøknader i fjor, fortel Patentstyret.
USA, Japan og Kina toppar lista over landa med flest internasjonale patentsøknader. Sverige ligg som nummer ti på lista med 3.858 søknader.
Det største talet søknader kom innanfor datateknologi og kommunikasjon, og selskapa som stod for flest patentsøknader i 2015, var dei kinesiske selskapa Huawei og ZTE og det amerikanske Qualcom.
Talet på internasjonale varemerkesøknader via Madrid-systemet auka med 2,9 prosent til nærare 49.300 frå 2014 til 2015. USA og Australia stod åleine for 90 prosent av veksten, mens Storbritannia, Nederland og Sveits.
Talet på designsøknader via Haag-systemet auka med så mykje som 40 prosent. Her var Noreg den tolvte største brukaren målt etter søknadstalet saman med Danmark. (©NPK)

Publisert: 21.03.2016 15:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:47