(NPK): Vegsambandet Kvivsvegen som opna hausten 2012, har gjort det meir aktuelt for Hornindal kommune å sjå mot Sunnmøre i spørsmålet om kommunesamanslåing, skriv NRK. Volda ligg no berre ein halvtimes køyretur unna.
Politikarane i Hornindal har ikkje teke stilling til spørsmålet om kva dei skal velje når kommunereforma kjem, men diskusjonane er allereie godt i gang.
– Vi ser det slik at Hornindal, Stryn, eventuelt Eid, Ørsta, Volda og delar av Stranda er eit heilt naturleg val så sant fylkesgrensa forsvinn, seier fungerande ordførar Idar Nygård (V) til NRK.

Publisert: 03.02.2014 11:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:21