NPK: Forskarar frå Miljødirektoratet skal denne veka kartleggje Hornindalsvatnet i Sogn og Fjordane. Dei har alt no oppdaga at vatnet ikkje er så djupt som ein tidlegare har trudd.
– Det djupaste punktet vi har funne i våre kartleggingar er rundt 509,4 meter, seier Håvard Midtkil, som er ein av dei som køyrer rundt og gjer målingar i Hornindal denne veka, til .
Hornindalsvatnet er den djupaste innsjøen i Europa. Djupna blei i 1931 målt til 514 meter, og har altså blitt om lag 4,5 meter grunnare sidan den tid.
– Det er framleis den djupaste innsjøen i Europa med god margin, så det gjer ikkje så mykje at det må korrigerast med nokre meter. Vi må ta litt atterhald om at vi ikkje veit korleis vasstanden var den gongen, men det kan sjå ut som det må korrigerast litt i ein del geografibøker, seier Midtkil.

Publisert: 04.09.2017 17:47
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41