(NPK): Hotel Union Øye og Sagafjord Hotell ønskjer å trekkje til seg fleire turistar med ei ny fjellrute i Sunnmørsalpane.
Ruta skal gå frå Urke/Lekneset via Saksa til Elsandtindane og skal få namnet Hjørundfjordegga, skriv Møre-Nytt.
– Hjørundfjorden og fjella rundt byr på fantastisk natur, men det er avgjerande at det vert etablert nye og spektakulære attraksjonar som kan fungere som fyrtårn og merkevare, heiter det i ein felles merknad frå hotella til saka.
Hotella meiner den nye ruta vil gi ringverknader i området, og stiller seg derfor undrande til det dei oppfattar som kommunal skepsis til prosjektet Hjørundfjordegga, ifølgje avisa.
– Vi håpar Ørsta kommune ser verdien av å få etablert Hjørundfjordegga, og medverkar til ei snarleg realisering av prosjektet, heiter det i skrivet. (©NPK)

Publisert: 02.08.2016 15:59
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:45