NPK: Hotell, serveringsstader og daglegvarekjeder skal vere med på redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030.
Thon Hotels skriv i ei pressemelding at dei er blant hotellkjedene som har slutta seg til avtala med Klima- og miljødepartementet.
– Vil har sett i gang fleire tiltak allereie for å redusere matsvinn og vi kjem til å jobbe målretta med dette framover, seier Morten Thorvaldsen, konserndirektør i Thon Hotels.
Eitt av tiltaka til hotellkjeda er å setje fram mindre tallerkar på buffear, slik at folk kan forsyne seg fleire gonger. I tillegg samarbeider dei med "Too Good To Go", som er ei teneste som via ein app formidlar overskotsmat til ein billig penge.
Klima- og miljøminister Vidar Helgesen meiner at dette er den mest ambisiøse avtala mot matsvinn verda har sett.

Publisert: 28.09.2017 14:51
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:41