Kort fortalt

Hotellstreiken blir trappa opp igjen

Ytterlegare 222 hotell- og restaurantarbeidarar blir tekne ut i streik neste veke, varslar Fellesforbundet.

20.05.2016
(NPK-NTB): – Vi ønskjer å ta ut dei medlemmene vi kan ta ut for å få trykk på streiken, seier pressekontakt Vidar H. Grønli i Fellesforbundet.
Dei 222 medlemmene som no blir tekne ut, fordeler seg på 114 bedrifter over heile landet. Fellesforbundet varsla plassfråtreding fredag, og medlemmene kjem i streik frå og med 26. mai klokka 8.00.
Forbundet vil også ta ut 22 medlemmer i streik på Clarion Hotel The Edge i Tromsø. Dette hotellet har tidlegare ikkje vore omfatta av streiken, og det vil gå fjorten dagar før streiken kan starte der.
Frå før er 7.163 hotell- og restaurantarbeidarar i streik. Mellom 700 og 800 bedrifter er ramma. Det har ikkje vore formell kontakt mellom partane sidan streiken starta den 24. april.Hovudgrunnen til at Fellesforbundet gjekk til streik, var at NHO Reiseliv avslo kravet frå dei tilsette om lokal forhandlingsrett. (©NPK)

Publisert: 20.05.2016 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:46