Kort fortalt

Hugs å føre opp kryptovaluta

Skal betale 22 prosent skatt av gevinsten.

21.04.2021

(NPK-NTB) Dersom du eig eller har selt kryptovaluta, må du sjølv føre det opp i skattemeldinga. Skjuler du informasjonen for Skatteetaten, risikerer du tilleggsskatt.

Skatteetaten har så langt identifisert 70.000 personar i Noreg som eig kryptovaluta, men anslår at det reelle talet er langt høgare.

Seniorrådgivar Marius Johansen understrekar at kryptovaluta ikkje er førehandsutfylt i skattemeldinga. Mindre enn 5.000 rapporterte om det dei eigde eller hadde tent på kryptovaluta i skattemeldinga for 2019.

– Du må sjølv ta ansvar for å føre opp behaldning som formue, gevinst som inntekt eller eventuelt tap til frådrag og levere skattemeldinga med endringane dine, seier Johansen.

Inntekt frå gevinst har ein skattesats på 22 prosent. I den nye skattemeldinga er det eit eige opplysningsfelt der kryptovaluta skal fyllast ut.

– Du må rapportere gevinstar og formue for fjoråret, uavhengig av verdien per dags dato, seier han.

Skatteetaten har ei eiga ekspertgruppe som arbeider målretta mot kryptovaluta. Gruppa undersøkjer mellom anna kvifor mange tidlegare ikkje har rapportert på skattemeldinga som plikta.

– Vi trur mykje av gapet kjem nettopp av at ein del kryptoeigarar feilaktig antek at kryptovaluta er førehandsutfylt i skattemeldinga, og ikkje har tenkt over at det er dei sjølv som må føre opp dette. Erfaringa vår er at dei fleste ønske å følgje alle lover og reglar, og vi ønskjer å hjelpe dei som investerer i krypto til å gjere det riktig, seier Johansen

Viss du har selt kryptovaluta med tap, kan du få frådrag for det, men du må kunne dokumentere både inngangsverdien og salsprisen så godt som mogleg med informasjon frå kryptobørsane.

Publisert: 21.04.2021 09:17

Sist oppdatert: 21.04.2021 09:23