Ulykke tyrhaug frøy loke foto politiet 22
ULYKKE: Bilde av hurtigbåten og arbeidsbåten etter ulykka i fjor sommar. Foto: Politiet
Kort fortalt

Hurtigbåt oppfatta ikkje kollisjonsfaren

Havarikommisjonen har undersøkt båtulykke.

13.02.2024

(NPK-NTB): 30 personar vart evakuerte og fire sende til sjukehus etter ei båtulykke på Nordmøre i juni i 2023. Mannskapet på hurtigbåten oppfatta ikkje kollisjonsfaren.

Statens havarikommisjon har levert rapporten sin etter at hurtigbåten Tyrhaug og servicefartøyet Frøy Loke kolliderte på Nordmøre i fjor sommar.

Politiet har tidlegare opplyst om at hurtigbåten, ifølgje vitneopplysningar, heldt ein fart på cirka 30 knop i forkant av kollisjonen. Hurtigbåten køyrde rett inn i den andre båten bakfrå. Det var altså hurtigbåten som hadde vikeplikt.

Statens havarikommisjon har undersøkt ulykka og mellom anna konkludert med at det kan oppstå avvik i rutinemessige prosedyrar over tid.

Rutinemessige arbeidsoppgåver blir over tid normaliserte hos menneske, og det kan føre til at risikoar over tid blir anten oversette eller berre ikkje oppfatta, skriv dei. Havarikommisjon meiner det er ein av fleire faktorar som har ført til at det ikkje har vore fullt samsvar mellom rutinane og det som skjedde i praksis i juni 2023.

(©NPK)

Publisert: 13.02.2024 14:31

Sist oppdatert: 13.02.2024 14:36

Mer om