NPK-NTB: Hurtigruten forlengjer den mellombelse driftsstansen sin i seks nye veker som følgje av koronakrisa.
– Reiselivsnæringa i Noreg er tilnærma død. Nye bestillingar for 2021 og 2022 har stoppa heilt opp, seier konsernsjef Daniel Skjeldam.
Han viser både til Hurtigruten og selskap dei samarbeider med.
– Inntektene er rivne bort, seier han.
Selskapet har redusert verksemda til eit minimum, noko som blir forlengt til mai. Hurtigruten har permittert nær 3.000 tilsette.
I rutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes blir ni av elleve skip ute av drift til i alle fall 20. mai, ekspedisjonscruisa stansar verksemda til og med 12. mai, medan oppstarten av sesongen i Alaska blir utsett til juli.
Hurtigruten held fram lokaltrafikk i ei spesialtilpassa rute mellom Bodø og Kirkenes for å ta vare på viktig gods- og persontrafikk mellom hamner i Nord-Noreg, noko som skjer i samråd med Samferdselsdepartementet.

Publisert: 06.04.2020 16:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:28