(NPK-NTB): No tek selskapet rettslege steg for å få betalt tilbake 120 millionar kroner.
Kjernen i striden er over korleis hamneanløpa skal fakturerast. I dag fakturerer hamnene etter ein 24-timarsregel. Reiarlaget må betale for eit heilt døgn, uansett kor lenge skipet faktisk er i hamna. Ifølgje ligg kvart hurtigruteskip eit kvarter til kai i Berlevåg, Mehamn og Kjøllefjord.
Hurtigruten får kvart år nesten 18.000 fakturaer over anløpsavgifter på til saman over 100 millionar kroner. Selskapet krev no 120 millionar betalt tilbake for overfakturering i perioden mellom 2012 og 2014.
Dei 20 nye sakene kjem i kjølvatnet av søksmålet mot Bodø hamn, der rettssaka er forventa å starte etter nyttår. Hurtigruten er ifølgje ein avtale med staten pålagt å gå innom 34 hamner.
Direktør Arnt-Einar Litsheim i Havneforeningen seier til DN at kravet er urettmessig, og at hamnene må få dekt sine kostnadar. Om det eventuelt skal bereknast timepris for hamneanløp, meiner han at den prisen vil bli høg. (©NPK)

Publisert: 27.10.2015 08:36
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:50