Kort fortalt

Husdyra skadar bonden

Rapport: Husdyra er farlegast for bonden.

21.12.2015
(NPK-NTB): Å vere bonde er eitt av dei farlegaste yrka i landet, og det er husdyra som er farlegast. Dei står for kvar fjerde skade i landbruket, viser ein ny rapport.
I fjor registrerte Arbeidstilsynet åtte dødsulykker i primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiske, skriv Nationen. Men statistikken over yrkesskadar er så mangelfull at tilsynet har fjerna han frå nettsidene sine.
Etter ønske frå næringa har Kvalitetssystem i landbruket gjennomført ei spørjeundersøking for å få meir kunnskap om skadar som oppstår i landbruket.
Over ein firedel av dei 597 som svarte, opplyste at husdyr hadde forårsaka uhell eller ulykker med personskadar. Det er brot- og sårskadar som er vanlegast, og så mange som to av ti seier dei har fått varige mein av skaden.
Sjølv om undersøkinga ikkje gir eit fullstendig bilete av alle ulykkene i landbruket, meiner KSL-sjef Tom Roterud at ho gir ein god indikator på nokre av utfordringane for helse-, miljø- og tryggingsarbeidet (HMS).
– Dette er berre toppen av isfjellet, men det viser trendane, og det bidreg til ei bevisstgjering og viser kvar vi som jobbar med HMS bør sette fokuset vårt.
Halle Arnes i Norsk Landbruksrådgivning påpeiker at bondeyrket famnar vidt.
– Ein gard i dag er ei kompleks sak. I tillegg jobbar bonden ofte åleine, og det gjer at det blir fleire risikomoment, seier Arnes. (©NPK)

Publisert: 21.12.2015 08:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:49